Tilknytingsteori i fire vers

John Nikalaus Nessa

Foto: Wikimedia Commons

Dette er Per Sivle (1857–1904) frå 1877. Per Sivle var ikkje ein spesielt produktiv forfattar, men han har eit par barnefortellingar som mange av oss kjenner igjen frå folkeskulen. Og han har skaffa seg eit evig forfattarliv med Den fyrste song eg høyra fekk. Det er ein song som handlar om å vere knytta til mor. Denne tilknytinga startar i vogga, og varer til «eg sliten trøytnar av» og døden ventar. Per Sivle beskriv kva denne tilknytinga gjer med han. Det fylgjer både englar og helbred med denne relasjonen. Både språk og innhald er ein fryd å lese -– og ikkje minst høyre, og ein må grave svært djupt i ur-norsken for å skjøne kva ord som «veilar» betyr. Og «dei mjuke ord» er ikkje originaltekst. Per brukte omgrepet «mjuke vék» i staden. Det gir ein betydningsnyanse eg ville ha ønskt med i ny omsetjing.